Land

Global flag icon
Global
Albania flag icon
Albania
Brazil flag icon
Brazil
Chile flag icon
Chile
Croatia flag icon
Croatia
Finland flag icon
Finland
France flag icon
France
Germany flag icon
Germany
India flag icon
India
Ireland flag icon
Ireland
Italy flag icon
Italy
Netherlands flag icon
Netherlands
Norway flag icon
Norway
Peru flag icon
Peru
Poland flag icon
Poland
Portugal flag icon
Portugal
Spain flag icon
Spain
Sweden flag icon
Sweden
Türkiye flag icon
Türkiye
United Kingdom flag icon
United Kingdom
United States flag icon
United States

Statkraft styrkar regionkontora og driftsorganisasjonen

16 nov., 2022

Ordførarar i 12 kommunar der Statkraft har aktivitet, hevdar i eit brev til næringsminister Jan Christian Vestre at Statkraft gjennomfører ei omorganisering som medfører både sentralisering og svekking av selskapet. Det er ikkje riktig. Brevet inneheld også faktafeil vi gjerne vil korrigera.

Av Konserndirektør for Norden, Birgitte Ringstad Vartdal

Statkraft oppdaterte i juni i år selskapets strategi. Vi planlegg betydeleg høgare aktivitet i Norge dei neste åra, innan vasskraft, havvind og nye energiløysingar, som hydrogen. I tillegg planlegg vi å auka investeringane utanfor Norge. Statkraft har i tillegg til vasskraft også omfattande aktivitet innan sol- og vindkraft. Vi er Europas største leverandør av fornybar energi.  
 
Statkraft er i Norge organisert i tre regionar. Regionkontoret for Nord-Norge ligg i Narvik, med driftssentral i Hemnes, Midt-Norge har regionkontor i Gaupne i Luster kommune i Vestland og regionkontoret for Sør-Norge er delt mellom Sauda i Rogaland og Dalen i Telemark. Regionkontora har viktige roller innan både drift av kraftverka og gjennomføring av oppgraderings- og utbyggingsprosjekt. Dei har i tillegg viktige støttefunksjonar, som til dømes HR og innkjøp. Dei som arbeider ved dei enkelte kraftverka, rapporterer til regionkontora. Statkraft er ein viktig distriktsarbeidsplass, med behov for fagarbeidarar, ingeniørar og økonomar med sterk kompetanse. 
 
Ein viktig del av satsinga i Norge vil vera større investeringar i kraftverka våre. I 2021 investerte vi nær to milliardar kroner i dei norske vasskraftverka våre. Dette talet vil auka til nær 4 millardar kroner i 2030. Dette krev at vi styrkar organisasjonen vår, slik at vi kan gjennomføra fleire og større prosjekt samstundes som vi driv kraftverka våre på ein effektiv måte. 
 
Drift av kraftverk krev god kjennskap til dei enkelte kraftverka og til lokale forhold, og det er viktig med god dialog med vertskommunar og andre brukarar av vassdraga. Ved kvart regionkontor blir det no oppretta ei avdeling med ansvar for å forvalta eigarskapet til kraftverka i regionen, inkludert ansvar for den første fasen av utbyggings- og rehabiliteringsprosjekt. Dei lokale kraftverksgruppene, som rapporterer til regionkontora, blir ikkje påvirka av organisasjonsendringane. Ordførarane hevdar i brevet at Statkrafts drift og beredskap blir svekka. Det er ikkje riktig – tvert imot vil vi vidareføra og vidareutvikla den sterke driftsorganisasjonen vi har i dag. 
 
Nokre funksjonar som tidlegare rapporterte til regiondirektøren, vil no rapportera direkte til fagavdelingar ved hovudkontoret i Oslo. Dette gjeld HR og innkjøp. Ordførarane hevdar i brevet at innkjøpsfunksjonane som er omfatta av endringane har rundt 40 medarbeidarar, men det riktige talet er 15. Dei tre regionale avdelingane for prosjektgjennomføring blir no organisert som ein felles prosjektorganisasjon. Stillinga som leiar for denne avdelinga vart lyst ut med mulighet for kontorplass ved hovudkontoret eller ved ein av Statkrafts andre norske lokasjonar. Den som er tilsett, ønsker kontorplass ved eit av regionkontora og kjem difor til å arbeida der.  
 
Sjølv om fleire av medarbeidarane ved regionkontora no vil rapportera direkte til ein leiar som sit på hovudkontoret, reduserer vi ikkje aktiviteten ved desse kontora. Medarbeidarane som blir omfatta av endringane, vil ha same arbeidsstad som før. Samstundes blir dei ein del av større fagmiljø, og dei vil også få arbeidsoppgåver knytta til andre deler av selskapet. Vi legg også opp til at stillingar som til no har vore lagt til hovudkontoret  kan utførast frå andre Statkraft-kontor. Tilsette kan dermed i større grad enn før skifta jobb internt utan å måtta flytta. Vi har sett konkrete eksempel på dette i denne omorganiseringsprosessen. Når vi skal rekruttera nye medarbeidarar, vil vi så langt det er mogleg legga til rette for geografisk fleksibilitet. Dette vil gjera det meir attraktivt å arbeida i Statkrafts regionale organisasjon. Regionkontora vil altså framleis ha ei viktig rolle i Statkraft. Frykta for at dei endringane vi no gjer, er eit første steg mot nedlegging av regionkontora, er ubegrunna.