Statkraft

Vestsideelvane og Vigdøla kraftverk

Sperlestølen-sett-frå-helikopter.jpg

Biletet syner Sperlestølen, med Vassdøla til venstre og Liadøla til høgre.

Overføring av Vestsideelvane i Jostedalen

Planen er å overføre dei åtte sideelvane Hompedøla, Kvernelvi, Vassdøla, Liadøla, Kyrkjedøla, Bakkedøla, Røykjadøla og Tverradøla, på vestsida av Jostedalen, til Tunsbergdalsmagasinet (inntaksmagasinet for Leirdøla kraftverk), via ein om lag 19 kilometer lang overføringstunnel. Eksisterande dam i Tunsbergdalen, Leirdøla kraftstasjon, med tilhøyrande tilløpstunnel og trykksjakt, samt kraftledningsnettet ut frå stasjonen, er i stor grad tenkt nytta slik anlegga står i dag.

Vigdøla kraftverk

Vigdøla kraftverk er eit prosjekt på austsida av Jostedalen, der kraftstasjonen er tenkt plassert om lag 1200 meter inne i fjellet, like ved eksisterande Jostedal kraftstasjon. Det nye kraftverket nyttar eit fall på om lag 600 meter frå inntaket i Vigdøla, like før der bilvegen framover Vigdalen tek slutt. Denne løysinga gjer det mogeleg å nytte eksisterande tilløpstunnel inn til Jostedal kraftstasjon, avløpstunnelen til Gaupnefjorden og kraftledningsnettet ut frå Jostedal kraftstasjon.

Fokus på miljø

Statkraft ønskjer å realisere desse to prosjekta dersom det kan skje innanfor ei miljømessig akseptabel råme og til akseptable kostnader. Jostedalen har store og særmerkte naturkvalitetar som Statkraft vil ta omsyn til ved planlegging av anleggsvegar og bekkeinntak, disponering av steinmassar frå tunneldrifta, samt øvrige tekniske inngrep som blir nødvendig å gjennomføre. Det er òg eit sterkt fokus på nivå på minstevassføring i det enkelte vassdrag som ein del av det totale landskapsinntrykket.