Arbeidet med å sprengje utløpstunnelen frå det nye Eiriksdal kraftverk er godt i gang, og tunnelen er driven litt over 100 meter no i siste halvdel av mai.
Ein er også i gang med å byggje veg til den nye kraftstasjonen og ny bru over Gautingsdalselva. Det vil bli bygt anleggskontor ved denne vegen rett før ein kryssar Gautingsdalselva. Både hovudentreprenøren - Skanska AS - og Statkraft si byggjeleiing vil få kontor her.
Arbeidet med tilkomsttunnelen til kraftstasjonen vil starte midt i juni. Men først må det byggjast nytt mellombels klekkeri, og det gamle klekkeriet skal rivast. Tilkomsttunnelen skal inn i fjellet rett bak den eksisterande klekkeribygningen. Det nye mellombelse klekkeriet skal stå i ein brakkebygning rett før den eksisterande brua over til K2.
Ved sprengingsarbeid som kan gi sprut av stein, vert sprenging varsla ved korte støyt i ei sirene. Det vert også sett ut vakter som varslar/stoppar folk og bilar som måtte vere på veg inn i området. Når salva har gått, vert det gjeve sirenesignal ”faren over” i form av ein lang sirenestøyt.
Av sikkerheitsmessige årsaker er sjølve anleggsområdet stengt for uvedkommande. Dette vert varsla med skilt på vegar og stiar som fører inn i anleggsområdet. Men det er lagt opp til at grunneigarar, turgåarar og trimmarar framleis kan bruke trappa og stien til Nova.
For trappa er det ingen endringar i høve til tidlegare bruk, bortsett frå at ein ikkje kan parkere bilar utanfor kraftstasjonen K2. Ein må parkere før brua over til K2. Det vil bli etablert ein parkeringsplass for turgåarar/trimmarar på elvekanten mellom det nye mellombelse klekkeriet og brua over til K2, men denne P-plassen kjem ikkje i orden før klekkeriet er ferdig, ca. medio juni.
For dei som vil bruke stien opp Randen til Nova gjeld følgjande:
Nedre del av stien til Nova er stengd. Ein kan ikkje gå forbi den nye tunnelen og gjennom tippområde og starte oppstigninga frå enden av ryggen opp Randen. Ein må ta til venstre framfor stasjonsbygningen K2 og gå over ny trebru over utløpet frå K2 og deretter ca 100 m oppover langs Gautingsdalselva.
Vidare må ein følgje oppsett gjerde som kryssar under røyrgatene og trallebana. Det er merka (gule pluggar) ny sti opp til eksisterande sti opp Randen. Alternativt kan ein gå ca. 100 meter opp trappa frå K2 og deretter gå av trappa på eit lite trapperepos og ned på den nymerka stien. Stien er merka med skilt ”Sti til Nova” på stasjonsveggen K2 og ved trapperepoet 100 meter oppe i trappa.
Når ein kjem nedover stien frå Nova, er det visningsskilt ”Til K2” mot den omlagde stien.
Trafikken i Dalsdalen har sjølvsagt auka kraftig no når anleggsarbeid har starta. Statkraft håpar at dette ikkje skaper for store ulemper korkje for dei som bur i dalen eller dei som brukar dalen til rekreasjon. Det er ei utfordring å halde trafikkfarten på eit akseptabelt nivå. Statkraft er merksam på denne problemstillinga og arbeider aktivt for sikre at fartsgrenser vert respekterte.