
Biletet syner eksisterande kraftstasjon K2i Daldalen, med røyrgate og trallebane.
Miljøprioritert utbygging
Med det nye Eiriksdal kraftverk vil Dalsdalen og Daleelva i Høyanger få attende opp mot 70 prosent av den opphavelege vassføringa, noko som vil gje ein svært positiv effekt på laks- og sjøaurebestanden i vassdraget. I Dalsdalen er det planlagt å fjerne eldre luftledningar og erstatte desse med jordkabel. I tillegg vil dei to gamle kraftverka K2 og K3 bli lagde ned, og området vil gjennomgå ei skikkeleg opprydding. Målet er at Dalsdalen skal framstå som eit interessant og attraktivt friluftslivsområde for folk flest.
Meir rein energi
Eiriksdal kraftverk vil få ei installert effekt på om lag 80 MW og produsere rundt 320 GWh/år i eit normalår. Totalproduksjonen i Høyangersystemet vil komme opp i over 1 TWh/år. Eiriksdal kraftverk vil nytte eksisterande reguleringsmagasin i Høyangerfjellet og inntaksmagasinet blir som for K2, dvs Høgsvatn, 694 meter over havet.
Forbitapping sikrar vassføringa i Daleelva
For å sikre at vassføringsregimet i Daleelva blir halde til eikvar tid vil kraftverket bli utrusta med eit eige forbitappingsarrangement, slik at vatn kan tappast forbi turbinane i kraftstasjonen dersom tekniske eller andre forhold fører til at dei to aggregata stoggar. Vassføringa i Daleelva blir såleis sikra sjølv om kraftverket står.
Makkoren kraftverk
I tillegg til Eiriksdal kraftverk vil Statkraft òg bygge eit nytt kraftverk i fjell nedstraums Norddalsvatn, for å erstatte kraftstasjon K4, som blir lagd ned. Også her vil området gjennomgå ei generell miljøopprydding, røyrgata til Norddalsvatn blir fjerna og terrenget vil bli arrondert og tilordna på best mogeleg vis.




















