Vigdøla kraftverk

Statkraft har i april 2011 søkt konsesjon for bygging av Vigdøla kraftverk i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Vigdøla kraftverk vil nytte fallet frå omlag 600-meters-nivå i Vigdøla, ei sideelv til Jostedøla, på austsida av Jostedalen.

I januar 2015 har Statkraft søkt om en planendring for prosjektet, der hovedpoenget er mindre maskininstallasjon, mer restvannføring i Vigdøla og bedre lønnsomhet.

Vigdøla kraftverk er eit småkraft-prosjekt på austsida av Jostedalen, der kraftstasjonen er tenkt plassert om lag 1200 meter inne i fjellet, like ved eksisterande Jostedal kraftstasjon. Jostedal kraftstasjon ligg ved grenda Myklemyr, omlag 15 kilometer frå kommunesenteret Gaupne. Det nye kraftverket nyttar eit fall på om lag 600 meter frå inntaket ved Skitnamyri i Vigdøla, like ved bilvegen. Planen er å sprenge ny tunnel og tilhøyrande trykksjakt frå inntaket ved Skitnamyri, ned til den nye kraftstasjonen. Like ved sida av eksisterande Jostedal kraftstasjon vil det bli sprengt ut ein ny stasjonhall for det nye kraftverket.

Denne løysinga gjer det mogeleg å nytte eksisterande tilløpstunnel inn til Jostedal kraftstasjon, avløpstunnelen til Gaupnefjorden og kraftledningsnettet ut frå Jostedal kraftstasjon. Steinmassane frå tunnelarbeidet er tenkt plasserte nær opp til eksisterande steintipp like aust for Jostedøla. På den måten søkjer ein å redusere naturinngrepet i størst mogeleg grad.

Fokus på miljø

Statkraft ønskjer å realisere dette prosjektet fordi det kan skje innanfor ei miljømessig akseptabel råme og til ein akseptabel kostnad. Jostedalen og Vigdalen har store og særmerkte naturkvalitetar som Statkraft i størst mogeleg grad forsøker å ta omsyn til ved planlegging av anleggsveg og inntak, disponering av steinmassar frå tunneldrifta, samt øvrige tekniske inngrep som blir naudsynte. Det er òg lagt opp til ei god minstevassføring i vassdraget, slik at ein kan bevare mest mogeleg av det opphavelege landskapsbiletet.

Nedlastinger

Tittel Størrelse Type
Konsesjonssøknad Vigdøla, PDF dokument. 25,9MB .PDF
Brosjyre - Vigdøla 6,4MB .PDF
Endringssøknad.pdf 3MB .PDF