Driftsstans i Trollheim kraftverk

28.07.2008 08:00 | pressemelding

Søndag 27. juli kl. 06.50 fekk driftssentralen i Statkraft region Midt-Norge i Gaupne melding om utfall av kraftproduksjonen i Trollheim kraftverk i Surnadal, Møre og Romsdal. Aggregatet i kraftverket stoppa opp, og vassføringa gjennom kraftstasjonen og vasstraumen ut i Surna elv opphøyrde i løpet av relativt kort tid. For å gjenopprette vassføringa i elva nedstraums kraftstasjonen vart tappeluka i Follsjømagasinet straks åpna, men det kunne likevel ikkje forhindre at ein strekning i elva vart nesten tørrlagt i opptil fleire timar tidleg søndag.

Statkraft seier seg svært lei for utfallet i Trollheim og dei konsekvensar dette fekk, men vil samstundes understreke kor viktig det er med eit tett samarbeid mellom alle interessentar i Surna for eit best mogeleg resultat samla sett. Statkraft håpar at enkelthendelsar av denne typen ikkje riv grunnen under det gode samarbeidet som alt er etablert i Surnadal. Statkraft har ein samarbeidsavtale med Surnadal og Rindal kommunar, elveeigarlaga i Surnadal og Rindal og Samarbeidsorganet for Surna. Siktemålet med avtalen er å bevare og styrke lakse- og sjøaurestammen i Surna, finne og iverksette tiltak som reduserer negative verknader reguleringa har for lakse- og sjøaurestammen og gje eit grunnlag for ny, miljøvennleg kraftproduksjon i Surna.

Omløpsventil blir montert i 2009

For å forhindre at liknande situasjonar skal kunne oppstå har Statkraft allereie gjort beslutning om å installere omløpsventil i Trollheim kraftverk. Omløpsventilen er bestilt og etter planen kan den bli installert og komme i drift seint på hausten 2009. Teknisk svikt i eit komplisert vannkraftverk er det nærast umogeleg å gardere seg fullt ut mot, og når omløpsventilen i Trollheim er på plass mot slutten av 2009, så vil sjansen for uønska utfall og stopp i vasstraumen ut i Surna elv bli betydeleg redusert.