Statkraft treng ikkje selje Trondheim Energiverk

23.11.2005 08:00 | pressemelding

Moderniseringsdepartementet opphever pålegget som Statkraft har om å selge Trondheim Energiverk (TEV). Når Statkraft nå får muligheten, ønsker selskapet slik som tidligere informert, å beholde TEV.

Moderniseringsdepartementet har i dag sendt følgende pressemelding:

Statkraft treng ikkje selje Trondheim Energiverk

Statkraft må ikkje selje Trondheim Energiverk (TEV). Fornyingsminister Heidi Grande Røys vil fredag fremje ein resolusjon for Kongen der konkurransestyremaktenes krav om sal vert oppheva.

-Det har vore politisk strid om vedtaket som vart fatta under den førre regjeringa. Eg finn ikkje grunnlag for å reise tvil om Konkurransetilsynets faglege vurderingar som låg til grunn for saka, men legg større vekt på andre omsyn. Eg har difor teke initiativ til ei ny vurdering, seier Grande Røys.

- Det er viktig med gode industrielle løysingar i kraftsektoren, og Statkraft sin allianse med regionale aktørar som TEV medverkar til spreiing av kompetanse og innovasjon. Eg legg òg vekt på at styresmaktene i dei nordiske landa arbeider systematisk for å minske flaskehalsar i overføringsnettet mellom landa. Det vil redusere dei konkurranseproblema som oppkjøpet førte med seg, seier statsråden.

I 2002 sette Konkurransetilsynet vilkår for at Statkraft skulle kunne gjennomføre eit oppkjøp av Trondheim Energiverk. Tilsynet meinte Statkraft sin dominerande stilling kunne føre til høgare prisar på elektrisk kraft. Statkraft har sett i verk ein del tiltak, men Moderniseringsdepartementet fann dei i haust ikkje tilstrekkelege til å godkjenne oppkjøpet.

- Tiltaka som Statkraft allereie har gjennomført, er ikkje tilstrekkelege til at konkurransen blir den same som før, men ut frå ei samla vurdering meiner eg Statkraft kan behalde Trondheim Energiverk, seier Grande Røys.