Statkraft sikrar vassføringa i Surna elv

08.11.2011 | nyheter

The Trollheim powerplant outfall

Utløp Trollheim kraftverk

Statkraft har no sett i drift det nye omløpssystemet i Trollheim kraftverk i Surnadal. Omløpssystemet skal sikre ei tilfredsstillande vassføring i Surna dersom kraftverket utan forvarsel, stoppar opp.

Stranding av yngel og ungfisk

Tidlegare var det slik at dersom Trollheim kraftverk stoppa opp og kraftproduksjonen gjekk til null, så ville vasstraumen ut i Surna elv bli borte i løpet av svært kort tid. Når det skjedde samstundes med at det var låg vassføring i Surna, kunne deler av elva bli utsett for tørrlegging. Dermed var det også fare for stranding av yngel og småfisk, fordi småfisken ikkje raskt nok klarte å komme seg ut på djupt vatn i elveløpet. Slike situasjonar har oppstått nokre gonger i Surna, og det ønskte Statkraft å rette på.

Vassføringa i Surna er no sikra

Dersom Trollheim kraftverk no skulle få eit utfall og ein produksjonsstogg, så vil omløpssystemet automatisk tre i funksjon og sleppe tilstrekkeleg vatn ut i Surna elv. Denne funksjonen er automatisk og vil i dei fleste tilfella kunne forhindre eit brått fall i vassføringa. Med dette arrangementet er faren for stranding av yngel og småfisk vesentleg redusert, men ikkje fullstendig eliminert.

Tilfredsstillande kapasitet

Omløpssystemet har den siste tida blitt grundig testa, og alt tyder på at det fungerer tilfredsstillande. Systemet har ein kapasitet på minimum 15 kubikkmeter vatn i sekundet, og det er identisk med minstekravet når det gjeld vassføring i Surna i sommarhalvåret, det vil seie etter 15. mai og før 15. oktober, slik det står å lese i føresetnadene for regulering av Surna. Det betyr at Trollheim kraftverk no er betre rusta til å møte uforutsette problem knytta til vassføring i Surna, og at Surna elv er styrka som attraktiv fiskeelv, noko alle er svært nøgde med.