Konsesjonssøknader Vestsideelvane og Vigdøla kraftverk

14.04.2011 | nyheter

Statkraft har søkt konsesjon for overføring av Vestsideelvane og bygging av Vigdøla kraftverk i Jostedalen i i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Begge prosjekta legg opp til ei optimal utnytting av eksisterande infrastruktur i Leirdøla og Jostedal kraftverk. Ei utbygging etter gjeldande planar kan gje inntil 175 GWh/år ny vasskraft.

Overføring av Vestsideelvane i Jostedalen

Planen er å overføre dei åtte sideelvane Hompedøla, Kvernelvi, Vassdøla, Liadøla, Kyrkjedøla, Bakkedøla, Røykjadøla og Tverradøla, på vestsida av Jostedalen, til Tunsbergdalsmagasinet (inntaksmagasinet for Leirdøla kraftverk), via ein om lag 19 kilometer lang overføringstunnel. Eksisterande dam i Tunsbergdalen søkjast heva med 4 m, men Leirdøla kraftstasjon, med tilhøyrande tilløpstunnel, trykksjakt og maskininstallasjon, samt kraftledningsnettet ut frå kraftstasjonen, er i stor grad tenkt nytta slik dei tekniske anlegga står i dag.

Vigdøla kraftverk

Vigdøla kraftverk er eit prosjekt på austsida av Jostedalen, der kraftstasjonen er tenkt plassert om lag 1200 meter inne i fjellet, like ved eksisterande Jostedal kraftstasjon. Det nye kraftverket nyttar eit fall på om lag 600 meter frå inntaket oppe i Vigdalen, like ved bilvegen. Denne løysinga gjer det mogeleg å nytte eksisterande tilløpstunnel inn til Jostedal kraftstasjon, avløpstunnelen til Gaupnefjorden og kraftledningsnettet ut frå Jostedal kraftstasjon.

Fokus på miljø

Statkraft ønskjer å realisere desse to prosjekta fordi det kan skje innanfor ei miljømessig akseptabel råme og til akseptable utbyggingskostnader. Jostedalen har store og særmerkte naturkvalitetar som Statkraft så langt det er mogeleg tek omsyn til ved planlegging av anleggsvegar og bekkeinntak, disponering av steinmassar frå tunneldrifta, samt øvrige tekniske inngrep som blir nødvendige. Det er òg lagt opp til ei god minstevassføring i det enkelte vassdrag. Infrastruktur i eksisterande kraftverk blir nytta i stort omfang, det avgrensar naturinngrepa i stor grad og gjer at utbygginga får ei god miljømessig løysing.

Meir informasjon, konsesjonssøknader, brosjyrer og søknadsbrev, sjå: Vestsideelvane og Vigdøla kraftverk