Eiriksdal kraftverk i rute

15.09.2010 | nyheter

Hydro power expansion work in Norway

Oversikt over anleggsområdet, K2 til venstre.

Anleggsarbeidet i samband med utbygginga av Eiriksdal kraftverk i Høyanger er i god gjenge.

Frå området sørvest for den gamle kraftstasjon K2 er det sprengt to nesten parallelle tunnelar innover i fjellet under Eiriksdalselva. Den eine er adkomsttunnelen inn til kraftstasjonen (A-tunnelen), medan den andre skal føre avlaupsvatnet frå kraftstasjonen ut i Daleelva (U-tunnelen).

Vekseldrift

Tunnelarbeidet er lagt opp med vekseldrift mellom A- og U-tunnelen. Det vil seie at det er boring i ein tunnel medan ein lastar opp og køyrer ut steinmassar frå den andre. Den eine tunnelriggen som blir nytta, blir flytta mellom dei to tunnelstuffane. Dette er det mest rasjonelle driftsopplegget så lenge dei to tunnelane ligg såpass nær kvarandre. I fyrste del av oktober blir drivinga av tilløpstunnelen starta opp, då blir tunnelrigg nr. 2 teken i bruk. Denne riggen blir då gåande på tilløpstunnelen, medan den andre skal nyttast til sprengingsarbeidet i kraftstasjonsområdet.

- Me er no komne om lag 300 meter innover A-tunnelen, seier Statkraft sin byggjeleiar, Jon Kvåle. Han fortel vidare at kraftstasjonen ligg om lag 600 meter inne og at det er utført spenningsmålingar i fjellet. Spenningane var så høge at det har resultert i at vi kan flytta kraftstasjonen 150 m utover, dette gir kortare adkomst- og avlaupstunnel og litt lengre tilløpstunnel. A-tunnelen passerte under Eiriksdalselva med 12 meter fjelloverdekning, men det oppstod ingen problem med vasslekkasje inn i tunnelen, så dette gjekk heilt som me håpte på, forklarer Kvåle.

Det som har høgast prioritet no framover, er drivinga av tilløpstunnelen til Høgsvatn. Neste haust er det planen å starte opp arbeidet med Makkoren kraftverk, og her treng ein tilløpstunnelen frå Eiriksdal for å frakte maskiner og utstyr. Denne tunnelen blir ikkje fullt så bratt som først tenkt fordi Eiriksdal kraftstasjon er flytta lengre utover.

- Når det gjeld U-tunnelen, så er me komne inn til sjølve kraftstasjonen. Me har støytt på litt sprakfjell, det høyrest som smell og knitring, og det krev litt ekstra sikring, men dette er nokså normalt, seier Jon Kvåle.

40 personar i arbeid

Statkraft har for tida to tilsette ved anlegget. I tillegg har Skanska Norge (hovudentreprenøren) 26 personar ved anlegget, ytterlegare seks personar har utkøyring av stein, to driv med betongsprøyting i tunnelane og ein lokal underentreprenør har tre-fire personar som driv med diverse grave- og fyllingsarbeid på uteanlegget. Totalt er det no i midten av september om lag 40 ved anlegget, til vinteren vil dette auke til over 45. Anleggsarbeidet har gitt arbeid til lokale underentreprenørar og lokale tenesteytarar, det er òg eit poeng å ta med seg.

Sterkt fokus på HMS

Både Jon Kvåle og Svein Rune Fossen legg stor vekt på eit trygt og godt arbeidsmiljø. Alle som er på anlegget, må gjennomgå Statkraft sitt sikkerheitskurs. I tillegg har hovudentreprenøren eit eige opplegg for sikkerheit, helse- og arbeidsmiljø.
- Me nyttar SJA (sikker-jobb-analyse) i stor stil for å bli bevisste på ulike faremoment knytta til dei ulike arbeidsoperasjonane før arbeidet vert sett i gong. Det blir gått vernerundar rundt på anlegget kvar 14. dag, og desse rundane omfattar òg det ytre miljøet. Det blir vidare teke vassprøver i Daleelva, som renn ned mot Høyanger tettstad, pluss vassprøvar av vatnet som kjem frå tunneldrifta via permanente renseanlegg, så eg vil seie at HMS har eit sterkt fokus, og slik skal det vere, understrekar, Jon Kvåle.